På venterommet står det no ein betalingsautomat. Denne vil gje kundane våre anledning til å velge å betale med kort, kontant eller å ta med seg faktura. Dei som velger å ikkje bruke denne, vil få tilsendt faktura i posten. Alle fakturaer kjem med gebyr. Dersom nokon treng hjelp til å betjene den, kan dei henvende seg i ekspedisjonen, eller få hjelp av legen utenom åpningstidene. Den er omtrent som ein vanleg betalingsterminal, einaste forskjellen er at du først må taste inn dei 6 første siffera i personnummeret ditt, altså fødselsdatoen din på dataskjermen. Deretter vil automaten be deg velgje mellom kort, kontakt eller faktura. Stemma i automaten vil guide deg gjennom betalinga.