Senteret sitt bannerbilde

PÅ DENNE SIDA FINN DU INFORMASJON OM:

Timebestillingar, Avbestilling eller endring av time, Reseptbestillingar, Vaksinering, Svar på prøver/epikriser/undersøkingar, Henvisningar og Undersøkelsar som vert utført her.

KORLEIS BESTILLE TIME:

På grunn av stor telefonpågang kan det ofte ta tid å komme gjennom til oss. Dersom du vil gjere det enkelt og spare tid, kan du nytte deg av vårt køfrisystem.

1. Du kan sende ein sms: 

  • skriv EIKE, navnet ditt, fødselsdatoen din,
  • timebestilling + evt hastegrad
  • send meldingen til 2097.
  • Ei slik melding kan sjå slik ut: "EIKE Ola Hansen 040519 ynskjer time gjerne i neste veke". -ver gjerne spesifikk på kva som passer eller ikkje.
  • Tjenesten koster kr. 6.- pr. mottatt melding.
  • Du kan sende meldinga når som helst på døgnet.

 

2. Du kan bestille via internett:

  • Klikk på "Bestill time på nett" - knappen oppe på høgre sida.
  • følg anvisningane du får.
  • Du må ha mobiltelefonen din for å motta pin-kode som skal bekrefte bestillinga.

AVBESTILLE TIME ELLER ENDRE TIME:

Husk å avbestille eller endre timen innan 24 timer før konsultasjonen, elles kan du risikere å motta rekning for konsultasjonen med mindre det er særs grunn for endringa eller avbestillinga.

1. Du kan sende ein sms:

  • Send EIKE,
  • navnet ditt og fødselsdato,
  • med avbestillinga eller ynskje om endring av time
  • til 2097.

 

2. Du kan avbestille via internett:  

  • klikk på knappen "Bestill time på nett",
  • og følg instruksjonane for avbestilling.
  • Ha din mobiltelefon klar for pin kode-bekrefting.

BESTILLE RESEPTER:

Resept på faste medisinar -

Dersom den faste medisinen din er stabil og ikkje treng vurderast ift styrke eller dosering så ofte, kan den gjelde for eit år.

  • Dette vurderer legen best medan du er til konsultasjon.
  • Be difor om fornying medan du er til konsultasjon. 
  • Årsresepten vil då inngå i prisen for konsultasjonen. 
  • Dersom du bestiller resept pr tlf eller sms: vert det av den grunn skrive ut resept kun for 3 mndr forbruk om gangen. 
  • E-reseptar ligg det ikkje eigenandel på lenger. Du får derfor ikkje rekning på slikt lenger.

 

Du bestiller altså 3 månaders resepter ved å ringe oss eller sende sms.

sms:

  • skriv EIKE,
  • navnet ditt,
  • fødselsdatoen din og 
  • kva for medisin du ynskjer resept på,
  • samt styrke og dosering dersom mogleg.

Tenesta kostar kr. 5,- pr motteken melding. Du kan sende meldinga når som helst på døgnet.
 
Vi sender e-reseptar. -sjå "viktig informasjon" på forsida.

Vi minner også på at du må bestille reseptar i god tid, seinast dagen før du treng dei!!

VAKSINERING:

  • Du treng ikkje resept på vanleg influensavaksine, den har me tilgjengelig på legekontoret.
  • Andre vaksiner må du bestille legetime for å få resept på.
  • Du treng ikkje legetime for å få sett vaksiner, det kan du få utført på laboratoriet av anna kvalifisert personell.
  • Det kan likevel vere greit å bestille lab' time.

SVAR PÅ PRØVER, EPIKRISER OG ANDRE UNDERSØKELSER:

Vanleg saksgang:

  • Legen får nesten alle prøvesvar, epikriser og rtg.svar tilsendt elektronisk ganske kjapt.
  • Papirutgave vert alltid sendt oss, og tek lengre tid enn det som kjem elektronisk. 
  • Dersom legen ser behov for å følge opp prøvesvaret ift deg som pasient, vil du vanlegvis verte kontakta pr brev eller pr tlf.
  • Dei fleste blodprøver er oss i hende allereie dagen etter. Rtg svar kan ta ei heil veke. Epikriser varierer mykje.

 

Dersom du likevel ynskjer å kontakte oss for slikt, kan du sende forespørsel på sms:

  • Me kan svare deg om korvidt det har kome svar til legekontoret,
  • men me kan ikkje gje ut spesifikk informasjon på sms, pga fare for å kompromittere taushetplikta.

 

HENVISNING TIL FYSIO:

For å få henvisning til fysio, treng du time hjå fastlegen din fyrst.

Dersom du allereie er under behandling hjå fysioterapeut, og denne meiner du treng ny henvisning, kan du legge inn ei slik bestilling på tlf eller sms, -evt følg samme prosedyre som på bestilling av time.

UNDERSØKELSAR:

Ved Eikelandsosen Helsesenter kan du få utført 24 timers blodtrykk måling, EKG, Spirometri.

Desse undersøkelsane må rekvirerast av legen ved konsultasjon.

Me tek og dei aller fleste blodprøver, hurtigtester og lab.prøver som er vanleg å ta ved legekontor.

Slike prøver skal alltid rekvirerast av lege.