Senteret sitt bannerbilde

Eikelandsosen Helsesenter

Velkomen til vår heimeside!

EIKELANDSOSEN HELSESENTER finn du rett attmed Fusa Bu- og behandlingssenter i Eikelandsosen. Me er godt plasserte på toppen med fin utsikt over Eikelandsosen og Leiro.

Dette er eit legesenter med 

  • 4 fastlegeheimlar; 
  • 2,6 fast stilling helsesekretær.

-i dagleg drift.

Dette er pr idag fordelt på 4 legar, 1 sjukepleier og 2 helsesekretærar.

Dersom du ynskjer fastlege hjå oss, ordnar du dette ved å kontakte Fastlegekontoret på tlf 800 43 573 eller via www.helfo.no - du finn lenkjer her på heimesidene.

Me ynskjer å vere mest mogleg tilgjengelig for publikum. Difor er det tilrettelagt for bestilling via internett og via SMS på desse sidene.

Du er velkomen til å ta kontakt på telefon dersom du heller skulle ynskje det.

På heimesidene kan du og finne generell informasjon om legesenteret, åpningstider og anna nyttig.

Illustrasjon eller bilde for senter


Aktuelt

VED REDUSERT BEMANNING og STOR PÅGANG

4. juni 2013

Vi gjer merksam på at dei dagane alle legane har kontordrift, samt ved sykefråver hos sekretærane, vil det kunne påløpe ekstra ventetid i luken, på laboratoriet og spesielt på tlf. Me beklager evt ulempe dette vil kunne medføre for våre kunder. Så langt det er mulig vil vi opplyse om dette på telefonsvararen, dei dagene dette forekommer.

BETALINGSAUTOMATEN

16. april 2013

På venterommet står det no ein betalingsautomat. Denne vil gje kundane våre anledning til å velge å betale med kort, kontant eller å ta med seg faktura. Dei som velger å ikkje bruke denne, vil få tilsendt faktura i posten. Alle fakturaer kjem med gebyr. Dersom nokon treng hjelp til å betjene den, kan dei henvende seg i ekspedisjonen, eller få hjelp av legen utenom åpningstidene. Den er omtrent som ein vanleg betalingsterminal, einaste forskjellen er at du først må taste inn dei 6 første siffera i personnummeret ditt, altså fødselsdatoen din på dataskjermen. Deretter vil automaten be deg velgje mellom kort, kontakt eller faktura. Stemma i automaten vil guide deg gjennom betalinga.